Artikler

Redaktøren tar ordet (10.05.2008)

av Sigbjørn Husa, Ansvarlig redaktør

bmw Kjære skiboksinteresserte - store og små - lite interesserte - mindre interesserte og entusiastane. Dette er redaktøren som helsar dykk, og det er med stor glede eg gjer det. Eg er dagleg inne på skiboksforeningens flotte heimeside, og eg gler meg over at så mange andre deler denne interessa. Det har vore ein del komplikasjonar som har ført til at eg ikkje har latt meg høyra frå før no, men det er meg difor ei endå større glede å kunne få lov å skrive til dykk idag. Det har kome ønskje om at eg skulle fortelja litt om meg sjølv, og eg vil difor kort meddele dykk litt basics. Eg er ein stram kar (som bildet tilseier), nyleg skiboksfrelst, 21 år og kjem frå ein god familie som hadde ein svart skiboks på sin space-wagon under oppveksten. For dykk som måtte lure, kan eg diverre ikkje med sikkerheit seie kva for eit merke den hadde, men eg trur det var vår kjende ven skiguard. Eg skal prøve å finne det ut neste gong eg er heime ved å saumfare nokon fotoalbum, så viss de følger med kan det vere både eitt og to spørsmål som vil åpenbarast. Ellers er humøret litt opp og ned. Eg har vandra gatene i Oslo idag og gleda meg over dei skiboksane eg har sett. Tok til og med bilete av nokon, men det er likevel med sorg i hjarta eg også må sjå på så mange flotte bilar som manglar det essensielle på toppen, og det ete meg opp innvendig. Men dette er ein gledens dag, og eg er både glad og stolt over å føle samværet med dykk som har forstått det, så kan vi saman vere med å opplyse dei ikkje-nådde bileigarane som du dagleg ser rundt deg i dine nærområde.

Bileta under er av nokon flotte skiboksar eg såg idag

Oslo1 Oslo2

 

 

 

 

 

 



Helsing Ansvarleg Redaktør Sigbjørn Husa