Artikler

Den beste dagen på jobben!

av Sigbjørn Husa, ansvarlig redaktør i Norsk Skiboksforening (21.10.08)

Det såg ut til å bli ein heilt normal dag på jobben. Eg helste på folk på vegen bort til sona mi, og tok min daglege dose kaffi for å koma i gang. Alt var som normalt, heilt til eg såg kva som stod der midt på sona mi og venta på meg. Ein funklande svart skiguard top model skiboks innpakka i berre bobleplasten. Det gjekk eit rykk i heile kroppen, og eg visste fort at dette var ein dag eg ikkje kom til å gløyma så fort.



Eg tok til motet og gjekk bort til ein av mine svenske medarbeidarar - dei er alltid lette å ha med å gjere- og spurte om ikkje han kunne tenke seg å hjelpa meg med å ta nokre bilde. Han var velvillig til tanken, og oppriktig interessert i denne internettsida som hadde satt skiboksen i sentrum. Så med litt uklåre mål gjekk me i gang med arbeidet.



Det har alltid vore eit drøm for meg, heilt sidan eg var liten, å oppleve korleis det er å ligge oppi ein skiboks. Sidan dei er så utilgjengelige i sin naturlige plassering, har eg berre gitt opp utfordringen. Også grunna i at eg ikkje viste kor pappa hadde gøymt nøklane. Ettersom åra gjekk har eg ikkje tenkt så mykje meir på det, og mogelegheitane har heilt ærlig vore skrinne. Dette var ein gyllen mogelegheit! Eg var litt "shaky" i kroppen då eg først la meg ned, men det var absolutt verdt opplevinga. Eg prøvde ut ymse stillingar.



Etter å ha rota rundt i skiboksen godt og lenge, fann me diverre ut at skiguard-boksen hadde teke skade av herjinga. Dette var sjølvsagt ikkje ein del av planen, men då eg stabla den inn i containaren skal det seiast at det vart gjort med andakt, og at den i alle fall ikkje tok meir skade av det.



La denne episoden vere til påminning til alle dykk der ute som tenkjer på å prøve ut stillingar i skiboksane dykkars. Skiboksane er ikkje bygd for dette, og kan ta skade av det.

Helsing Sigbjørn Husa