Artikler

Ein ny prototype skiboks!

av Sigbjørn Husa, ansvarlig redaktør i Norsk Skiboksforening (07.11.2008)

Som kjent er det eit stort problem at barn ikkje kan få leike fritt i skiboksar. Mykje grunna i skiboksens plassering på toppen av bilen vèl mange foreldre å ikkje la barna få leike i dei. Mange barn og unge har i den siste tida kontakta oss i ledelsen, oppgitt over den håplause situasjonen. Artikkelen om redaktøren på jobb der han hensynslaust boltrar seg rundt i ein splitter ny skiguard-boks, har mot sin hensikt framprovosert mykje missunnelse og irritasjon frå den yngre generasjon.

Dette var sjølvsagt ikkje meininga, og me satte straks eit skiboks-team i Amerika på jobben å lage skiboksar meir barnevennlige. Etter å ha jobba døgnet rundt i to veker, kom våre forskarar fram til eit heilt nytt eksepsjonelt barnevennleg skiboks-konsept. På filmen under kan de sjå to lykkelige amerikanske barn som prøver ut ein av prototypane.



Dessverre vil ikkje desse skiboksane bli masseproduserte på grunn av finanskrisa som også rammar oss i Norsk skiboksforening kraftig, men dei er heldigvis forholdsvis enkle å lage heime. Send mail om konstruksjonsspørsmål.

Helsing Sigbjørn Husa